Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Hardangerbrygg

Hardangerbrygg

Trolltunga

Ei svalande smaksoppleving inspirert av norsk natur på sitt aller mest spektakulære.

Eit gyllent og forfriskande brygg som kanskje smakar alle best etter ein tur til Trolltunga - berghylla som tronar 700 meter over Ringedalsvatnet ved Tyssedal. Og byr på ein utsikt som tek pusten frå dei fleste. Og nett slik bergutspringet stikk rett ut av fjellet, stikk ølet seg ut som ei leskande smaksoppleving av dei sjeldne. Brygget er ein innbydande, undergjæra variant av den moderne klassikaren American Pale Ale. Brygd på mellom anna pilsmalt, Pale Ale- malt og krystallmalt. Humletypar som Chinook, Cascade og Citra gjev ein fruktig og floral aroma med livlege hint av sitrus og furu. Ølet har ei forfrinskande bitterheit og er ei perfekt påskjønning enten du har lagt bak deg turen til Trolltunga - ei real manndomsprøve av ei oppstigning - eller på anna vis synest du har gjort deg fortent til ein svalande pust i bakken.

Trolltunga - ei spektakulært forfriskande smaksoppleving.

No items found.
Trolltunga

Vi kan også friste med andre produkter: