Husmannskost

Hønsefrikasse

Ekte frikasse på ein-to-tre! Tradisjonsrik husmannskost og ein favoritt på norske middagsbord i generasjonar. Sunt og magert hønsekjøt, gode rotgrønsaker og kraft krydra med omtanke og gode smakar. Varmast i kjele – så er det berre å be til bords!

Lapskaus frå Voss

Ekte husmannskost fiks ferdig til bruk. Smakfull lapskaus med lettsalta fårekjøt, tradisjonelle norske rotgrønsaker og same, gode oppskrift som bestemor brukte.

Varmast i vassbad – i emballasjen – eller i gryte på låg varme. Server med godt flatbrød og tyttebær – og send gjerne ein vennleg tanke til bestemor!

Erter, kjøtt og flesk frå Voss

Ekte og smakfull husmannskost for deg som ikkje kan stå i timevis over grytene. Magert svinekjøt av bog, raust med gode gulerter og den same, gode sausen som bestemor laga.

Ferdig til bruk; varmast i vassbad – i emballasjen – eller i gryte på låg varme. Perfekt for svoltne magar etter lange dagar.

 

Adresse

Me har hovudkontor og produksjon på Vinje. Me har og produksjon i Granvin.

Vossakjøt AS
Draugsvoll, 5713
Vossestrand
Telefon sentralbord: 56 52 06 00



Designed by VIDI.NO

vossakjot 400

 Webdesign og publiseringsløsning av  Vidi AS