Julemat

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane

Pinnakjøt

Urøykt pinnakjøt - med smaken av vestnorsk natur. Tradisjonsrik, vestnorsk festmat i urøykt versjon. Utsøkte lammesider lakesalta og tørrsalta i ryggen. Ingen unødvendige tilsetjingststoff - her er det den opphavelege kjøttsmaken som gjeld. Legg i vatn 6-8 timar før koking. Kvar pinne kan snittast med kniv på tvers i kjøttsida av pinnen (som å rute svoren på ribba)

Kokast på rist - helst av bjørkepinner utan never. Det er viktig at det kokar ganske kraftig. Mykje damp gir mørt kjøt. Pass på å etterfylle med vatn, gjerne kokande vatn for å behalde varmen i gryta. Eit godt tips er å   legge eit stort matpapir på toppen av kjøtet (under lokket). Dette får dampen til å kondensera og renne ned att i gryta. Faren for tørrkoking vert redusert. Og ein behald meir damp i gryta. Kokast til kjøtet losnar frå beina. Når du letter på lokket, kjenner du den makelause dufta som har gitt vestlendingar vatn i munnen i hundrevis av år. Bruk gjerne sjyen som saus!

 

Røykt pinnakjøt - Klassisk pinnakjøt slik vossingane har laga det i generasjonar. Røykt i eldhus med flis frå lokale treslag. Prisvinnande pinnakjøt!

 

 

 

 

Sylteflesk

Sylteflesk i bit eller heilt. Tradisjonsrikt julepålegg laga på gamlemåten av grisehove.

Les mer …

Lammerull

Dette er som namnet seier - ekte lammerull.

Laga på tradisjonelt vis, der lammesvangar og lammekjøt vert forma for hand.

Les mer …

Adresse

Me har hovudkontor og produksjon på Vinje. Me har og produksjon i Granvin.

Vossakjøt AS
Draugsvoll, 5713
Vossestrand
Telefon sentralbord: 56 52 06 00



Designed by VIDI.NO

vossakjot 400

 Webdesign og publiseringsløsning av  Vidi AS