Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Om Vossakjøt

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og dei ekte, vestnorske matopplevingane

Stolt leverandør av ekte matopplevingar

‍Vossakorv, eldhuskorv og andre smakfulle spesialitetar er ikkje berre levebrødet vårt; det er noko meir. Voss og Vestlandet har rike mattradisjonar, og me set vår ære i å halde dei i hevd.

Vossakjøt er smaken av førsteklasses råvarer og lokale foredlingstradisjonar. Me får kjøtet frå utvalde slaktarar som er like stolte av sitt fag som me er av vårt, og behandlar det med metodar som er perfeksjonerte gjennom generasjonar.

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane.

Det meste av det eg kan om slakting, røyking og modning av kjøt, lærte eg av far min. Dei han lærte av, hadde sjølv fått kunnskapen frå sine fedrar, som igjen hadde sett korleis sine gjorde det. Så når du smakar på eit stykkje fenalår eller fårepølse frå Vossakjøt, set du samtidig tennene i eit stykkje vestnorsk historie.

Arne Merkesdal
Dagleg leiar og stolt forvaltar av lokale tradisjonar

Tradisjonsmat

Når me lagar vossakorv, "korvar" me kjøtet slik ein gjorde det på vossagardane frå gamalt av. Me kvernar og eltar i staden for å hakke. Me røykjer fårepølsa i eldhus med ei blanding av tørr og våt orreflis, slik at det ikkje brenn. Berre ulmar. Me saltar pinnakjøtet i to omgangar, først i lake og så med tørrsalt i ryggen. Slik at saltmengda skal bli jamn over det heile. Me let fenalåret hengje til modning i minst fire månader under daglig tilsyn. Det er vind og ver og eit godt trena auge som avgjer når det der ferdig.

Kvifor?

Fordi det er kombinasjonen av godt kjøt, lokale foredlingstradisjonar og naturlig modning som gev den unike smaken av vilt og vakkert Vestland!

Marknad for lokale tradisjonar

Den som berre ser seg attende, kjem ikkje fremover, heiter det. Derfor er me i Vossakjøt opptekne av å foreine gamalt og nytt, av å bygge bru mellom gamle skikkar og moderne ganar. Samtidig som me er trygt forankra i lokale tradisjonar, har me blikket fast retta framover.
Målet vårt er å gi marknaden det beste av vestnorsk matkultur, og til liks med skiskyttarar, langrennarar og kulekjørarar frå Voss, har med allereie vunne fleire gullmedaljar for innsatsen.

Ei rekkje av produkta våre har og Spesialitet-merket frå Matmerk, ein garanti for at forbrukaren får eit kvalitetsprodukt og ei god og spennande matoppleving. Både Vossakjøt, Bondekorv, Eldhusrøykt pinnakjøt, urøykt pinnakjøt, Hakkasteik, Eldhusfår, Eldhustøykt fenalår, Urøykt fenalår og Spesialmodna Eldhusbacon kan smykke seg med denne utnemninga.

Me trur tida arbeidar for den som kan tilby solid fagkunnskap og unike produktkvalitetar. Forbrukarar både heime og ute vert meir og meir opptekne av at maten ikkje berre skal vere god, men og tufta på lokale tradisjonar og ha historiske referansar.

Kort sagt – me har trua på dei ekte matopplevingane.