Om Vossakjøt

vossakjotlogo utenbakgrunn

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og dei ekte, vestnorske matopplevingane

Om Vossakjøt

STOLT LEVERANDØR AV EKTE MATOPPLEVINGAR

Vossakorv, eldhuskorv og andre smakfulle spesialitetar er ikkje berre levebrødet vårt; det er noko meir. Voss og Vestlandet har rike mattradisjonar, og me set vår ære i å halde dei i hevd.

Vossakjøt er smaken av førsteklasses råvarer og lokale foredlingstradisjonar. Me får kjøtet frå utvalde slaktarar som er like stolte av sitt fag som me er av vårt, og behandlar det med metodar som er perfeksjonerte gjennom generasjonar.

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane.

MatbygdaVoss logo 2

Arne Merkesdal

Det meste av det eg kan om slakting, røyking og modning av kjøt, lærte eg av far min. Dei han lærte av, hadde sjølv fått kunnskapen frå sine fedrar, som igjen hadde sett korleis sine gjorde det. Så når du smakar på eit stykkje fenalår eller fårepølse frå Vossakjøt, set du samtidig tennene i eit stykkje vestnorsk historie.

Arne Merkesdal Dagleg leiar og stolt forvaltar av lokale tradisjonar

Pinnakjot

 

 

Adresse

Me har hovudkontor og produksjon på Vinje. Me har og produksjon i Granvin.

Vossakjøt AS
Draugsvollvegen, 5713
Vossestrand
Telefon sentralbord: 56 52 06 00
Epost: post@vossakjot.no



Designed by VIDI.NO

vossakjot 400

 Webdesign og publiseringsløsning av  Vidi AS