Vill og vennleg vossing. Villsaukorv frå Vossakjøt er ei grovkverna pølse med kjøt frå villsau som beitar ute heile året.
Kjøtet er laga til på tradisjonelt vis og «korva» – ikkje hakka – slik ein har gjort det på gardane på Voss i uminnelege tider. Det gjev saftig smak og litt å bite i.
Til liks med dei andre produkta våre, inneheld villsaukorven mykje kjøt og lite salt. Det framhevar dei unike kvalitetane ved kjøtet; det er magert, velsmakande og har eit mildt viltpreg. For at kjøtet verkeleg skal skine i sitt rette element, har me tilsett litt einerbær og urter av det slaget villsauen sjølv likar å ete.