Eit smakfullt, mellommørkt bryggspesialutvikla for stolte vossingar og gode gjester i Vossabygda.
Stolt Vossing er inspirert av vestnorskeheimebrygingstradisjonar og har ein rik og kraftig aroma med innslag av brakje (einer) . Bøkerøykt pilsmalt bidreg med den klassiske røyksmaken som vossingane er så glade i. Stolt Vossing smakar godt aleine, men er også framifrå følje til røykt pinnakjøt eller spekemat frå Vossakjøt.
Stolt Vossing- eit moderne handverksøl brygd på stolte tradisjonar.