Bacon i blanke messingen
Spesialmodna Eldhusbacon frå Vossakjøt er laga av førsteklasses råvarer som er handplukka for å få den rette balansen mellom kjøt og feitt.
Fleskesidene er salta i ein spesiell lake og røykt i tradisjonell røykomn med orrespon frå vossatraktene. Eldhusrøyking - og kalla kaldrøyking -er mindre intens enn varmrøyling og gir ein rund og mild smak. For ikkje å snakke om lukta – perfekt for ein roleg sundag morgon. Baconet vert modna naturleg, ein prosess som gjer at kjøtet trekkjer seg saman og gir ein rikare og meir intens smaksopplveing.
Spesialmodna Eldhusbacon frå Vossakjøt er ikkje tilført vatn, og kan trygt steikjast i blanke messingen. Eldhusbacon skåre er ikkje vakumpakka, men me har nytta litt gass slik at skivane blir lettare å få frå kvarandre.