Ekte vossa-wrap!
Hakkasteik vart tradisjonelt brukt som bryllaupsmat i Hardanger. Og når hardingane stelte til fest, var berre det beste godt nok: Kalvekjøt og eldhusrøykt fårekjøt kokt med byggryn og kraft. Den oppskrifta held vi fast på.
No er det ikkje kvar dag ein får bryllaupsinvitasjon frå Hardanger, så kvifor ikkje gjere kvardagen til ein fest? Hakkasteik i bakt potet blir ”Hakk i poto” – hurtigmat på klassisk vossavis.
Dei som trudde fredagskos med kjøt i lefse var ein meksikansk skikk, må forresten tru om att. På Vestlandet har ein ete røykt og salta kjøt i kveitelefse eller potetkake i uminnelege tider. Så kvifor ikkje prøve ein ekte vossa-wrap? Varm Hakkasteik i panne, fordel på lefser og sull i hop med ramslauk og raud salat.