Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Pressemeldinger

Vossakjøt med kvalitetsgaranti

Voss, 15. november 2012:

Vossakjøt med kvalitetsgaranti

Vossakjøt tek no i bruk eit eige garantistempel slik at forbrukarane ikkje skal vere i tvil: Produkta frå Vossakjøt er naturleg røykte med orrespon og deretter naturleg modna.

- I det siste har det vore mykje fokus på ulike metodar for å lage røyksmak, og difor ser me eit behov for å fortelje at Vossakjøt er garantert ekte vare, seier Arne Merkesdal, dagleg leiar for Vossakjøt AS.

- Dette er viktig både for forbrukarane – som har krav på å vite kva dei betalar for – og for oss som set vår ære i halde lokale foredlingstradisjonar i hevd, meiner Merkesdal.

Vossakjøt brukar ikkje klimakontroll, saltar så lite som mogleg og unngår unødvendige tilsetjingsstoff. Bak den særeigne røyksmaken som kjenneteiknar mellom anna vossakorv, eldhusbacon og fårepølse, ligg ein omstendeleg prosess som er perfeksjonert gjennom generasjonar.

- Produkta vert først røykte med orrespon og deretter hengte til naturleg modning der tid, klimatiske forhold og godt trena auge avgjer når dei er ferdige, seier Merkesdal.

Med smak av vilt og vakkert vestland

Eldhusrøykt fårepølse vert til dømes røykt i 12 dagar over ulmande flis og deretter naturleg modna i tre veker.

- Denne naturlege prosessen gjev ikkje berre ein unik røyksmak, den bidreg òg til å foredle kjøtet på ein måte du ikkje oppnår om du berre sprøytar inn røykaroma, seier Merkesdal.

Med det nye stempelet gjev Vossakjøt forbrukarane ein garanti for at produkta er ekte, tradisjonsrik vare, laga til slik vossingane alltid har gjort det.

- For meg personleg er det jo òg kjekt om forbrukarane veit at når dei smakar på eldhusrøykt fårepølse frå Vossakjøt, set dei samtidig tennene i eit stykke vestnorsk historie, seier Merkesdal.

For meir informasjon, kontakt: Dagleg leiar Arne Merkesdal: tlf. 997 34 926, e-post: arne@vossakjot.no Styreformann Willy Roger Jacobsen, tlf. 915 32 403, e-post: willyroger@norwegianfoodpartner.no

No items found.