Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Julemat

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane

Julemat

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane

Pinnakjøt

Urøykt pinnakjøt - med smaken av vestnorsk natur. Tradisjonsrik, vestnorsk festmat i urøykt versjon. Utsøkte lammesider lakesalta og tørrsalta i ryggen. Ingen unødvendige tilsetjingststoff - her er det den opphavelege kjøttsmaken som gjeld. Legg i vatn 8-10 timar før koking. Kvar pinne kan snittast med kniv på tvers i kjøttsida av pinnen (som å rute svoren på ribba)

Kokast på rist - helst av bjørkepinner utan never. Det er viktig at det kokar ganske kraftig. Mykje damp gir mørt kjøt. Pass på å etterfylle med vatn, gjerne kokande vatn for å behalde varmen i gryta. Eit godt tips er å legge eit stort matpapir på toppen av kjøtet (under lokket). Dette får dampen til å kondensera og renne ned att i gryta. Faren for tørrkoking vert redusert. Og ein behald meir damp i gryta. Kokast til kjøtet losnar frå beina. Når du letter på lokket, kjenner du den makelause dufta som har gitt vestlendingar vatn i munnen i hundrevis av år. Bruk gjerne sjyen som saus!

Røykt pinnakjøt - Klassisk pinnakjøt slik vossingane har laga det i generasjonar. Røykt i eldhus med flis frå lokale treslag. Prisvinnande pinnakjøt!

No items found.
Pinnakjøt

Vi kan også friste med andre produkter: