Steikjepølse. Viltpølse med reinkjøt.
Villsaukorv
Vill og vennleg vossing. Villsaukorv frå Vossakjøt er ei grovkverna pølse med kjøt frå villsau som beitar ute heile året.
Ostepølse med bacon
Denne saftige grillpølsa er utsøkt kjøt i godt selskap med bacon, mild ost og eldfulle krydder. Røyking med orrespon har sett smakskrona på verket.
Chilipølse
Steikjepølse
Steikjepølsene frå Vossakjøt inneheld mykje kjøt og lite salt. Det framhevar den opphavlege smaken av gode råvarer. Chilipølse frå Vossakjøt er svinekjøt av beste kvalitet i tospann med ei passe temperamentsfull krydderblanding.
Bondekorv, eldhusrøykt
Grov og saftig middagspølse av storfe og røykt fårekjøt. Oppskrifta er frå den tida då vossingane slakta og laga pølse heime på gardane.
Vossaservelat, ekte
Klassisk middagspølse med eigen vossavri. Storfe- og svinekjøt tilsett røykt bacon – som både set spiss på smaken og gir fin balanse mellom kjøt og feitt.
Lettrøykt bratwürst
Steikjepølse
Steikjepølsene frå Vossakjøt inneheld mykje kjøt og lite salt. Det framhevar den opphavlege smaken av gode råvarer. Lettrøykt bratwurst er ein tysk klassikar på vestnorsk maner. Grovkverna svinekjøt med original krydderblanding, røykt akkurat lenge nok til å få eit hint av rund og fin røyksmak.
Lammegrill med ramslauk
Steikjepølse
Steikjepølsene frå Vossakjøt inneheld mykje kjøt og lite salt. Det framhevar den opphavlege smaken av gode råvarer. Lammegrill er grovkverna lam- og svinekjøt smakssett med ramslauk
- 1
- 2