Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Pølser

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane

Pølser

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane

Cabanossi

Steikje, for ei pølse!

Kanskje var det akkurat det dei tenkte, dei som sat i juryen under NM i Kjøttprodukter 2012, då dei sette tennene i den saftige steikjepølsa frå Vossakjøt. I alle fall fekk den både gullmedalje og vart kåra til Årets Grillpølse 2012.

Cabanossi er et velsmakande møte mellom grovkverna, norsk storfekjøt og krydder frå sørlegare strøk. Til liks med dei andre produkta våre, inneheld den mykje kjøt og lite salt; då kjem den opphavelege kjøtsmaken best til sin rett. Steikjepølsene frå Vossakjøt kombinerer utsøkte råvarer og lokale foredlingstradisjonar med nye og spennande smakar. Me brukar sjøvsagt ekte tarmar og kjøtet er kverna på tradisjonelt vis. Det gir den grove, saftige konstistensen. Streikjepølsene frå Vossakjøt høver like godt på grillen som i panna, og me har noko for einkvar smak. Klassisk Grillkorv, Chilipølse, som og fekk gullmedalje i 2012, Lammegrill smaksett med ramslauk - Noregs eigen viltveksande gourmetlauk - og to variantar av Bratwürst. Ein vanleg, og ein me ikkje kunne dy oss for å røykje. Me er ikkje vossingar for ingenting.

No items found.
Cabanossi