Produkter

Det handlar om å vidareføre og fornye dei gode smakane og det ekte, vestnorske matopplevingane

Fenalår Spesialmodna

Ekstra mørt fenalår av finaste lammekjøt, foredla med teknikkar nedarva gjennom generasjonar. Litt mildare i smaken enn den røykte varianten.

Låret er tørr- og lakesalta og deretter naturleg modna i minst fire månader under dagleg tilsyn. Vind, vêr og godt trena auge avgjer når kjøtet er ferdig.

Du kan ikkje skunda på ekte fenalår – godt kjøt tar den tida det tar.

Sjå korleis du skjerer fenalår: Slik skjærer du fenalår

Adresse

Me har hovudkontor og produksjon på Vinje. Me har og produksjon i Granvin.

Vossakjøt AS
Draugsvollvegen, 5713
Vossestrand
Telefon sentralbord: 56 52 06 00
Epost: post@vossakjot.no



Designed by VIDI.NO

vossakjot 400

 Webdesign og publiseringsløsning av  Vidi AS