Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Grillmat

Grillmat

Brisket frå Voss

Brisket frå Voss er førsteklasses og rikt marmorert kjøt frå fremre del av oksebrystet. Kjøtet er frå den tjukkaste delen av brystmuskelen og krev kyndig tillaging med stort tolmod. I dei rette hender vert det til gjengjeld makelaust mørt, saftig og smakfullt.

Å lage brisket etter boka, krev innsats og tid ikkje alle har. Difor har me gjort nesten heile jobben for deg. Me har salta og pepra fine bryststykke lett for å framheve smaken av godt oksekjøt. Så har me eldhusrøykt brisketen slik berre me vossingar kan det; over heil orreved i gamle eldhus der tradisjonane sit tjukt som tjære i veggane. Til slutt har me kokt kjøtet forsiktig i minst 16 timar så det vert nett så mørt og medgjørleg som du vil ha det.

Alt du må gjere, er å gje brisketen 15 minutt på grill eller i steikomn på høg temperatur. Og så må du sjølvsagt finne fram det tilbehøret du likar best. Prøv med ein rund BBQ-saus, rotgrønsaker eller omnssteikte potetbåtar.

Vel unnt – dette er smakfull slow food på den kjappe måten!

Gull for grillglade

Brisket er klassisk «southern slow food» med røter i USA. Brisket er ein gjengangar på dei beste amerikanske BBQ-restaurantane og ein av dei viktigaste kategoriane i dei største grillkonkurransane. Det er ikkje utan grunn. Kombinasjonen av kraftig kjøt og rik feittmarmorering har gjort brisketen til ein favoritt blant grillentusiastar verda over. No kjem den på norske grillar og kjøkenbord også.

Brisket frå Voss er eldhusrøykt og har fin, rund røyksmak. Med ein god BBQ-saus som prikken over i-en, er brisketen eit prima grillmåltid i seg sjølv. Mør og saftig som den er, kan den også spele med i ei rekke andre smakfulle oppsettingar. Brisketen kan rivast, strimlast og kuttast. Du kan bruke den i chili con carne, taco, burrito, nudelsuppe med knasande sprø vårlauk – og i alle andre rettar som treng noko solid å støtte seg på.

Verdas største brisketar finn du sjølvsagt i Texas. Når det gjeld smaken, trur me likevel ikkje det er mange som slår brisket frå Voss.

No items found.
Brisket frå Voss

Vi kan også friste med andre produkter: