Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Vossalaksen

Sprell levande foredlingstradisjonar

Velkommen til Vossalaksen

Mattradisjonar frå Voss er meir enn vossakorv, pinnakjøt og smalahove. Eit rikt fjellfiske og gode lakseelver har også sett eit smakfullt preg på matbygda Voss.

I hundreår har me vossingar utnytta fantastiske fiskemoglegheiter i distriktet. Me har fiska i Vosso, Strandaelva, Granvinsvassdraget, Osa og Bolstadelva. Me har fanga fisk i Vangsvatnet, Myrkdalsvatnet og Ekso – og i andre godefiskevatn på Vikafjellet og i Bergsdalen. Og der friskt fjellvatn har gjeve fisk av topp kvalitet, har me vossingar utvikla unike tradisjonar for foredling av laks og aure.

Kvar gard og kvar fiskar hadde gjerne små knep som dei brukte når dei salta, røykte eller grov fisken. Hjå Vossalaksen held me i hevd dei metodane synest gjev den beste smaken. Me brukar berre råvarer av høg kvalitet; vill laks og aure  frå nærområda når me har tilgang på det, elles oppdrettsfisk av prima kvalitet frå Hordaland og Sogn. Reseptane er nedarva frå far til son gjennom generasjonar, og kunnskapen – den berre sit i fingrane. Alt dette gjev naturleg velsmakande produkt som me rett og slett er stolte av.

På same vis som Vossakjot AS og Handverksbryggeriet AS, ønskjer me i Vossalaksen AS å gjere mat- og drikketradisjonar frå matbygda Voss kjente for matelskarar over heile landet.

Vossalaksen – sprell levande foredlingstradisjonar