Ved å klikke “Godta”, godtar du lagring av informasjonskapsler på enheten din for å forbedre nettstednavigasjon, analysere nettstedbruk og bistå i vår markedsføringsinnsats. Se vår Personvernerklæring for mer informasjon.

Vossabrygg

Vossabrygg

Vossabrygg Original

Vossabrygg Original er ein koparfarga gullskatt av eit handverksøl - og ei ekte hyllest til dei rike heimebryggingstradisjonane i Vossatraktene.

Ølet har god balanse mellom bitterleik og søtleik, eit mjukt preg av havremalt og ein karakteristisk, mild røyksmakt som skriv seg frå bøkerøykt byggmalt. Vossabrygg original er brygga i opne kar med gamaldags overgjær. Vossabrygg original er eit rustikt og allsidig øl som høver perfekt til røykt og salta tradisjonsmat. Ølet er korkje pasteurisert eller filtrert og inneheld difor nokre naturlege gjærsediment. La flaska stå i ro nokre dagar og hell forsiktig over i glas. Serverast lett avkjølt.

Vossabrygg Original - basert på klassisk heimebrygg frå vossatraktene.

No items found.
Vossabrygg Original