Vossaporter
Voss sin eigen vri på det smakfulle brygget til berarane – «the porters» – frå hamnene i London på 1700-talet.
Ølet er laga med havregryn og ein overflod av maltsortar som münchnermalt, sjokolademalt – med og utan skal – mørk karamellmalt, brunmalt og mørk krystallmalt. Resultatet er eit forførande fyldig øl med rikt maltpreg, silkemjuk munnkjensle og lang, god ettersmak.
Ølet er ei smakfull nyting i seg sjølv, men òg fint følgje til kraftige kjøtrettar og dessertar – så kvifor ikkje prøve i lag med ei sjokoladekake?
Vossaporter – velsmakande vossavariant av klassisk britisk brygg.
![](https://assets-global.website-files.com/652d369074e3b3fbd0151ba7/6538d7729b87760b6494bdf1_vossaporter-etikett.jpg)
No items found.
![Vossaporter](https://assets-global.website-files.com/652d369074e3b3fbd0151ba7/6538d777af9ec00f6c423f16_vossaporter-flaske.jpg)