Den beste maten fortener selskap av den beste drikken.
Med staut vossing har me utvikla ein ypparleg følgjesvein for spesialitetane frå Vossakjøt. Ølet er skummande friskt, mellommørkt og har eit mildt hint av røykt byggmalt. Fullkomen balanse mellom bitterheit og søtleik gjer at Staut Vossing harmonerer perfekt med saltet og feittet i godt modna spekemat.
Prøv Staut Vossing i tospann med eldhusrøykt fenalår. Nærare himmelen kjem du ikkje så lågt over havet.